Hei igjen!
Tida i Brasil gaar fort, og vi faar oppleve veldig mykje. At Brasil er eit land som er fullt av kontrastar er noko vi virkelig har faatt oppleve. Her er slum og luksus ikkje lenger unna kvarandre enn en kort gaatur paa eit par minutt. Denne veka har vi besçkt ulike menigheter der vi har faatt spele engelske lovsangar med fullt band. Det er kjekt aa gjere det vi kan bidra med, og menighetsfolket syng like gjerne portugisisk og vi paa engelsk. Vi blir tatt veldig godt imot, og det er godt aa baade vere til velsignelse og faa saa mykje igjen!
Torsdag var vi forst i eit guttefengsel, og hadde sang og vitnesbyrd for dei. I det fengselet vi besokte sitt det inne 160 tenaaringsguttar. Sjolv om dei ikkje forstaar spraaket vi syng paa faar vi en slags kontakt likevel. Det maa vel nevnast at Torbjorn og musikklaerern glimta til med et dramastykke ;)
Etter vi var i fengselet var vi med inn i eit slumomraade. Vi fekk gaa rundt med lokale og sjaa korleis folk lever der. Det gjer virkelig inntrykk aa sjaa kor lite folk har, samtidig som vi veit kor mykje vi har. Det blir heilt uvirkelig. Vi var ogsá med paa barnemote i slummen. Med ungane treng ein ikkje prate samme spraak - leik er tverrkulturelt, og det er heilt utrulig kor korte oyeblikk som skal til for aa bli glad i nokken!
Forrige gang eg skreiv, nevnte eg vel at det blei en del fotballspeling. Kjetil har brukke ei taa! Og for sikkerhets skyld har han faatt (BLAA) gips heilt opp til kneet!! Men han har ogsá faatt en kjempestor sandal som plaster paa saaret. Vi syns temmelig synd pá kjetil alle sammen, men eg tvilar paa at vi nokon gang blir vant til synet av den blaa gipsen og den kvite kjempesandalen. Saa vi flirar ganske masse...
Alt er vel! Paa onsdag reiser vi fraa farmen og skal bo med litt meir luksus temmelig naert stranda..
Anne Marte